– Dette har vi venta på. No slepp vi å køyre inn i fjorden for å få oss Skogstadkle, smiler Anny Sefland og Olaug Hals, som roste Nordfjordbedrifta som no satsar på Nordfjordeid. Dei har stor tru på å nå større kundegruppe med butikk her.

Det har vore hektiske dagar for å få butikken klargjort til opninga, og Janne Fredheim Klaesson frå Skogstad var svært fornøgd på opninga.

Gledeleg

– Dette er ein gledeleg dag, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar på at Skogstad kjem. Og med denne butikken på plass får vi betre utval spesielt retta mot barn, og det er noko fleire har etterspurt, seier senterleiar Gro Gjerdevik.

Dei tilsette ved Skogstad og senterleiaren smilte frå øyre til øyre over alle som strøymde til butikkopninga fredag.

– At det kjem mykje folk er veldig kjekt, og vi registrerer at det har vore veldig populært med å få Skogstad inn på senteret, seier Gjerdevik.