Dette er klart etter at privatskuleselskapet på Bryggja fekk godkjenning frå utdanningsdirektoratet berre timar før fristen for godkjenning gjekk ut.

Maraton

–Dette har vore litt av eit maratonløp. Den kjensla eg har no er vanskeleg  beskrive med ord. Først og fremst kjenner eg utruleg stor glede, ikkje minst på vegne av borna som får gå på skule i heimbygda si, og ikkje minst over at vi er i mål. No sender vi ut melding til foreldre som har søkt om skuleplass frå hausten av, seier Solveig Midtbø, styreleiar i Bryggja Skule AS, som saman med resten av styret har stått på heilt til  siste frist, som var i dag.