Trass i at 60,4 prosent av innbyggarane i Vågsøy gav politikarane eit klart råd om å seie nei til Kinn, røysta eit fleirtal av politikarane i kommunestyret i Vågsøy for å bli med i Kinn.

–Å gå mot eit så klart svar frå folket, er eit nederlag for demokratiet, sa Hogne Bleie (Frp) som saman med Geir Oldeide (Raudt) var dei som åtvara kommunestyret sterkast mot å gå mot folkeviljen.

Sp-framlegg

Det var varaordførar Nils Myklebust (Sp) som fremje framlegget om å reversere vedtaket om å slå Vågsøy saman med Flora i nye Kinn kommune.

–Spør ein folk om råd, må ein lytte til det rådet ein får, sa Nils Myklebust som har vore krystallklar på at politikarane måtte følgje resultatet av folkerøystinga.

–Vi inviterte også 16-åringane, som er dei som skal ta over etter oss ein dag, til å vere med på seie si meining i folkerøystinga. Kva skal vi seie til når vi ikkje bryr oss om kva dei seier, sa Myklebust.

Trist dag

–Dette er ein trist dag for meg, for innbyggarane og for Vågsøy kommune. Folkerøystinga kvekte eit håp hos folk om at det ville vere muleg å reversere vedtaket om å slå seg saman med Flora. Kva signal er det vi sender til folk, når vi først inviterer dei til å seie si meining, for i neste omgang å seie at ein ikkje bryr seg om svaret, sa Geir Oldeide.

Lokaldemokrati

–Det vi skal ta stilling til er ikkje eit ja eller nei til Kinn. Denne saka handlar om vi skal lytte til folket som har valt oss inn i kommunestyret. Denne saka handlar om lokaldemokratiet og det er noko langt meir enn for eller imot ei kommunesamanslåing, sa Hogne Bleie som opplyste at han personleg var veldig tilhengar av kommunereforma og samanslåing av kommunar.

–Men eg må vedgå at eg, av mange grunnar ikkje minst ut frå økonomiske analyser er sterkt imot at Vågsøy kommune skal bli ein del av Kinn. Etter at resultatet av folkerøysting vart klart har fleire gitt uttrykk for at valdeltakinga var låg. Til det er det å seie at valdeltakinga i folkerøystinga vi har bak oss, og om vi trekkjer ut Bryggja, så var den 58,2 prosent. Det er 0,2 prosent høgare valdeltaking enn vi hadde ved siste kommuneval, sa Hogne Bleie som la til at folkerøystinga i Vågsøy om kommunesamanslåing truleg er den med høgast valdeltaking i landet. Korleis kan ein då seie at valdeltaking er låg og bruke det for å overhøyre det klare svaret folket har gitt politikarane i kommunestyret, sa han.

Tyst

Det som var påfallande under debatten i Vågsøy kommunestyre, var at ingen frå «ja-sida» hadde ordet og argumenterte kvifor ein ikkje ville høyre på rådet frå folkerøystinga.

Geir Oldeide (t.v) og Hogne Bleie var blant representantane i Vågsøy kommunestyre som argumenterte kraftigast for at politikarane måtte lytte til rådet innbyggarane i Vågsøy kommune hadde gitt politikarane gjennom folkerøystinga sist måndag. Foto: Tormod Flatebø