Dette seier medlemmer av Nordfjord motorhistoriske klubb som på laurdag arrangerte «Cars and coffee» i Eidsgata. Eit høve til å møtes, stille ut bilar og ikkje minst snakke med andre bilnostalgikarar.

– Dette er ein hobby. Vi brukar ikkje all verda med tid på veteranbilen. Ikkje skrur vi eller pussar på den heile tida heller, seier leiar Yngve Kjørstad som sjølv har to veteranbilar som han eig. Ein Wolkswagen boble, 1968-modell, og ein Volvo PV frå 1957.

Laurdag var det 21 bilar utstilt ved Betania, og Nordfjord motorhistoriske klubb har i dag rundt 60 medlemmer.

Nils Ola Strand har eit fornemt namn på sin Norton motorsykkel frå 1943.
Pål Magne Vedvik kjøpte denne Chevrolet lastebilen med ein mann i Skjåk for 14 dagar sidan. Før det har bilen vore på Røros. Vedvik vil gjerne bevare lastebilen slik den er.
Kven sat vel ikkje i ein slik bil på 70-talet? Eigar er Idar Sølvberg og bilen heiter Ford Escort, 1977-modell. Sølvberg ved Eid motor har fått bilen heilt oppspøta og så god som ny.
I denne Pontiac firebird frå 1969 kan ein spegle seg i lakken.
Folkevogn var folkebilen og den første bilen for mange.
For nokre tiår sidan blei det laga mange bilar med vakkert design. Bilentusiastar vil gjerne ta med seg denne bilhistoria inn i framtida.
Bilane lokka til seg publikum i Eidsgata på laurdag.