– Det har vore hektiske dagar siste tida, for å få alt i stand til opninga fredag, seier eigar Frank Skogstad.

Skogstad Sport ser eit potensial på Eid, og vel difor å etablere seg med butikk på senteret.

– Vi er kjempeglade for å kome til Nordfjordeid, og har veldig tru på Eid som handelsstad, påpeikar han.

Sentralt

Den nye butikken på Amfi Nordfjord er på rundt 180 kvadratmeter, og har overtatt lokala der Tilbords heldt til før. – sentralt midt i senteret. I tillegg er lokalet til tidlegare Amine delt mellom Skogstad og Byoung som utvidar.

Byoung har sin nyopningsfest onsdag, der dei ønskjer velkommen til ein ny og større butikk.

Har bygd om

Lokala Skogstad Sport overtok er no bygd om, og både snikkarar og målarar har vore på plass siste tida.

Den nye butikken blir også den første med den heilt nye omprofileringa Skogstad skal til med, som kassadisk og nye element som vert å finne i butikken.

Bente Sunde vert den nye butikksjefen. Ho er opphavleg frå Olden, men har budd i Bodø sidan 1995. Men med kjæraste frå Eid kjem ho no flyttande til Eid.

– Dette blir spennande, og eg gleder meg, smiler ho. Opningsveka kjem Skogstad med stort eit team på 11 stykk, men i sommar er det Hildegunn Strand som skal drifte butikken.

Trur på satsinga

– Dette blir ein fullsortemangbutikk, som blir på høgde med butikkane i Innvik og Stryn, seier Skogstad. Han har tru på at dei og sportsbutikken Chatlet, som allereie er på senteret, kan utfylle kvarandre.

Skogstad gler seg over ny butikk, og trur dei når ei større kundegruppe med butikk på Amfi Nordfjord.

Lang Nordfjord-historie

Skogstad Sport er kjend for sportskleda sine, og selskapet hadde i fjor ei omsetning på 124 millionar kroner. Men selskapet si historie starta for over 75 år sidan i Innvik. Der er framleis hjartet i drifta av Skogstad. I dag er dei etablert i Innvik, Olden og Stryn, og butikken på Nordfjordeid blir den fjerde eigeneigde butikken deira.

Av Skogstadbutikkar totalt så vert butikken på Eid den 11. i rekka, med ny butikk i Lom som opnar rett før.

T.v. Bente Sunde kjem flyttande frå Bodø, og vert butikksjef frå august. I sommar er det Hildegunn Strand som styrer den nye Skogstad-butikken på Amfi Nordfjord. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes