Heggrosa er kanskje den minste 4H-klubben i fylket. Det hindrar dei ikkje i å arrangere leir for  73 4H-arar frå seks klubbar. I helga var det teltliv, underhaldning og aktivitet frå fredag ettermiddag til søndag ved grendahuset i Heggjabygda. Dei eldste i klubben og tidlegare medlemmer tok seg av aktivitetar. Medan klubbrådgjevar Torill Kufaas Karlsen og dugnadsgjengen på rundt femten har planlagt i fleire månader.

– Det har vore ein draumeleir. Ikkje minst fordi så mange hjelper til og det er ingen som seier nei, kunne klubbrådgjevar Kufaas Karlsen oppsummere.

Klubben starta med planlegging ikkje så lenge etter jul. Sidan då har det vore mange møter og mykje arbeid for å få det heile i boks.

– Vi har hatt ein god plan og erfarne folk med på laget. Når ein ser at leiren blir gjennomført nesten prikkfritt og alle kosar seg får ein løn for strevet. Ein får mange gonger igjen for det arbeidet som er lagt ned, seier Kufaas Karlsen.

– Vi ser at det betyr noko for dei unge å få vere med på ein slik leir. Det byggjer både samhald og god sjølvkjensle for barna, seier ho.

Litt av underhaldninga laurdag kveld. Frå venstre Renate Barvåg Leivdal, Oliver Takserman-Skinlo, Marte Skeistrand og Karoline Albrigtsen.
Ute i naturen kan det vere praktisk å måle motiv nede i ein slik boks. Og med glaslokk blir det fint til pynt.
Eline Gjerland Henden (t.v.) og Gjertrud Henden Gjerdevik frå Ørn 4H I Hennebyga opplevde ein kjekk leir i Heggjabygda.
Isak André Book Leite frå Trekløveren 4H i Kjølsdalen.
Ingen grunn til å gå i hus når heile leiren kan arrangerast utandørs.
Det varme vêret gjorde til at kiosken med is og brus fekk ekstra utvida opingstid.
draumeleir: Klubbrådgjevar Torill Kufaas Karlsen hadde mange oppgåver undervegs i leiren. Ho beskriv det heile likevel som ein draumeleir, og ei meiningsfull helg for både vaksne og barn.
Margrete Lote (t.v.) frå Ørn 4H og Sarah Natalie Book Leite frå Trekløveren 4H var med på gruppa for fom og fantasi. Dei var ute i skogen der dei måla etter motiv.
Laga mat: Desse var med på å lage betasuppe. Frå venstre; Malene Nes Hjelle, Øyvor Barvåg Leivdal, Maria Hjelle, Kristina Hanebrekke Hildenes og Agate Henden Hjelle.
Audition til dansar ved operaen var eitt av underhaldingsinnslaga.
Mange måtte kjøle seg ned med is på leiren. Her frå venstre; Line Dahlgren Hjelle, Marte Dahlgren Hjelle og Agate Henden Hjelle.
Silje Hjelle (t.v.) og Victoria Maria Vedvik Eikeseth var med på matgruppa og hadde mellom anna laga muffins.
Folksamt: Både leirdeltakarar og foreldre var samla framfor grendahuset til underhaldning laurdag kveld.
F.f.v.; Torill K.Karlsen,Berit Heien Heggen, Timea Bulla, Ina Herstad , Anders Jarle Heggen. B.f.v.; Janne Skinlo, Karina Kjørstad, Inge Lindvik, Jan Kåre Ravnøy, Ida Elisabeth Lien, Helge Melheim og Ola Frislid.