Sterk vind torsdag:

Unngå flygande trampolinar

Det er meldt kraftig vind torsdag, og folk blir oppmoda om å sikre lause gjenstandar.

Sikring av trampoline.  Foto: Tryg Forsikring

Nyhende

– Det er spesielt kastevindane vi fryktar vil gjere størst skade. Desse kan komme opp i 35 meter i sekundet torsdag, og vil vere kraftige nok til å kunne løfte ein trampoline opp i lufta. Derfor rår vi folk i området som blir hardast ramma å sikre alt av lause gjenstandar utandørs så raskt som mulig. Bind fast trampolinen og rydd inn hagemøblar, parasollar, partytelt og grillen, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

Mange ikkje førebudde

Det er uvanleg med storm i juni, og den sørvestlege retninga på vinden inneber i tillegg at vindkasta vil treffe lenger innover landet enn vanleg.

Det blir meldt om full storm ved Stad og i høgfjellet.