Førebur seg på nedbygging av flyktningtenesta

Som følgje av forventa mottak av færre flyktningar blir statleg tilskot til Eid kommune truleg redusert frå 38 millionar kroner i 2018 til 20,5 millionar kroner i 2021.

MINDRE PENGAR: Redusert mottak gir mindre pengar, og det må kuttast stillingar.  Foto: arkiv

Nyhende

Eid kommune er pålagt av Fylkesmannen å revidere økonomiplanen for 2018–2021 innan 30.06.2018, der tiltaket tilpassing tenester ved nedgang flyktningar vert fordelt på ramme- og tenesteområda i perioden 2019–2021.

Som følgje av redusert tal flyktningar i kommunen vil det bli mindre behov for ekstra innsats i barnehagar og skular.