Justerer 2018-budsjettet i Eid kommune

Får inn meir skatt enn venta

Eid kommune får inn meir i eigedomsskatt og andre skatteinntekter enn budsjettert. Det kjem vel med. Innsparingar innan helse og omsorg er vanskeleg å få til.

Økonomisjef: Ole Starheim har utarbeidd framlegg til budsjettendringar med grunnlag i situasjonen slik den ser ut så langt i år.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Som vanleg vert det no i juni sett på sakskartet i finansutval, formannskap og kommunestyre sak om budsjettendringar utifrå situasjonen slik ein ser den så langt i år. Det er ikkje dei heilt store summane som vert flytta på, den største enkeltposten er 1,6 millionar kroner meir i inntekter frå eigedomsskatten enn venta.

Etter kommunelova er kommunen pålagt å gjere budsjettendring når det er postar som vil få vesentleg avvik i forhold til eksisterande budsjett. Administrasjonen har gått gjennom rekneskap og budsjett per 30.04.2018, og teke tak i dei postane som ein meiner bør justerast.