Blomstrande sommarshow frå kulturskulen

Sommaren bankar snart på døra til kulturskulen. Etter nok ein blomstrande haust og vinter.

Eid barnekor har hatt veksande tal med medlemmer dei siste par åra, og under sommarshowet stilte dei med ivrig innsats og songglede. Sommarshowet viste fram i alt 25 innslag og publikum fekk sjå breidda som finst i kulturskulen i Eid.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Det spirer og gror i kulturskulen som aldri før. Og i førre veke fekk vi sjå resultatet etter ein vinter med øving. Ung kultur slo ut i full blomst under årets sommarshow i Operahuset Nordfjord.

I alt var det 25 innslag på årets sommarshow. Det omfatta song, fiolin, gitar, piano, blåseinstrument, fløyte, tromme og barnekor. Innslaga var både som grupper og solo.