Anbefaler Coop-fusjon

Styra i Coop Vest og Coop Orkla Møre  anbefaler fusjon mellom dei to laga, og fusjonsplanen vil bli behandla i ekstraordinære årsmøter etter sommaren.

Geir Espe, administrerande direktør i Coop Vest.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Fusjonen vil gi oss eit meir einsarta marknadsområde. Ein fusjon vil dessutan innebere at samvirkelaget får auka investeringsevne, meir konkurransekraft og større samla kompetanse, seier Geir Espe, administrerande direktør i Coop Vest.

– Ein fusjon mellom Coop Vest og Coop Orkla Møre vil styrke Coop si marknadsmessige posisjon i heile regionen. Fusjonen vil komme både dei tilsette og kundane våre, som også er våre eigarar, til gode, seier Arild Sørlien, administrerande direktør i Coop Orkla Møre.

Dersom samvirkelaga sine ekstraordinære årsmøter stemmer for fusjonen 28. august, vil det nye samvirkelaget vere blant dei 100 største verksemdene i Noreg. Samvirkelaget vil ha ein samla omsetning på i overkant av fem milliardar kroner delt på 140 butikkar, og sysselsetje over 2 000 tilsette og ha heile 145 000 medeigarar.

Det fusjonerte laget sitt nye namn blir Coop Nordvest SA, og samvirkelaget vil ha kontor i Førde, Ålesund og Orkanger.