Folkerøysting i Vågsøy:

Nei til Kinn

Eit klart fleirtal sa nei til Kinn kommune i folkerøystinga i Vågsøy i går.

  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

I følgje Vågsøy kommune si offisielle nettside vart dette resultatet:

Ja til Kinn kommune: 36,8% (996 røyster)

Nei til Kinn kommune: 60,4% (1637 røyster)

Veit ikkje: 1,7% (48 røyster)

Blank: 1,1% (29 røyster)

Valdeltakinga var overraskande låg, berre 56,6%, i det som har blitt kalla den viktigaste saka for Vågsøy etter krigen.

Dersom ein tar vekk røystene frå Bryggja var det 58,7% som sa nei, medan 38,5% sa ja til Kinn kommune, altså framleis eit klart fleirtal mot samanslåing med Flora.

Saka skal opp i kommunestyret i Vågsøy komande torsdag.