Eid kommune

Jobbar for å få ned sjukefråværet

Sjukefråværet veks i helse- og omsorgssektoren, innan oppvekst og samfunn og sentraladministrasjonen.

Eid kommune jobbar for å få ned sjukefråværet, men i tre av fire sektorar går fråværet opp.  

Nyhende

Eid kommune har som mål å ha eit stabilt lågt sjukefråvær på ikkje høgare enn 6,2 prosent. Likevel må ein no konstatera at fleire av sektorane slit med auka sjukefråvær i løpet av dei fem første månadane i år samanlikna med i fjor.

Innan helse og omsorg har sjukefråværet auka frå 7,7 til 8,1 prosent.

I oppvekst og samfunnssektoren har det auka frå 6,6 til 6,9 prosent, medan i sentraladministrasjonen har sjukefråværet auka frå 2,1 til 2,8 prosent.

Positive tal

Positive tal er det derimot for teknisk sektor, der sjukefråværet er redusert frå 10,0 til 5,2 prosent.

Det samla sjukefråværet for heile Eid kommune gir dermed ein nedgang frå 7,2 til 6,9 prosent – som likevel er høgare enn målsettinga på 6,2.










Det vert jobba både med individuell oppfølging av den enkelte sjukmelde, samtidig med at avdelingane har fokus på førebyggande arbeid for å redusere sjukefråværet.

Prøveprosjekt

Nordfjordeid skule skal inn i eit prøveprosjekt som har vore forsøkt i det private næringsliv, der ein opprettar eit samarbeidande innsatsteam mellom Nordfjordeid skule, NAV, NAV Arbeidslivssenter og bedriftshelsetenesta. Målet er at den tilsette skal komme raskt tilbake i arbeid. Dette vil ein forsøke å nå gjennom å ha månadlege møte med alle sjukmelde, og å ha fast kontaktperson frå NAV-kontoret. Ein legg også opp til møte der Nordfjordeid skule, NAV, IA- rådgjevar frå NAV Arbeidslivssenter og bedriftshelsetenesta deltek saman med den sjukmelde. Lege kan vere med der det er nødvendig. Personalrådgjevar frå organisasjonsavdelinga vert med i oppstarten.

Saka om sjukefråvær skal opp i administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet torsdag.