Rune Schanke Eikum er leigd inn som prosjektleiar for nye Stad kommune. Det skal etablerast ei prosjektgruppe med ein representant for kvart av dei politiske partia. I tillegg skal ordførarane i Eid og Selje sitje i prosjektgruppa. Det er denne gruppa Rune Schanke Eikum skal vere leiar for. Han skal leie eit kreativt og innovativt arbeid fram mot nye Stad kommune i 2020. Der målet er nyskaping, involvering og til slutt vekst og folkeauke.

Seniorkonsulent

I dag er Rune Schanke Eikum seniorkonsulent i bedriftsrådgjevingsselskapet Tinkr. Eit rådgjevingsselskap med hovudkontor i Vadsø og underkontor i Oslo, der Scanke Eikum jobbar. Tidlegare har han vore konsulent i det meir kjende Geelmuyden Kiese.

Kreativ forsking

Tinkr blei starta opp i 2016, og hadde alleereie då internasnonale ambisjonar. I dag har dei samarbeid med forskarar i Sveits, Uruguay og Nederland, som forskar på kreativ utvikling. Ei forsking som selskapet Tinkr prøver å dra nytte av ved utvikling innan bedrifter, kommunar og i bistandsbransjen.

Engasjere

Schanke Eikum er som seniorkonsulent mellom anna engasjert i kommunesamanslåinga mellom dei to små kommunane Svelvik og Nedre Eiker, som frå 2020 skal inn i storkommunen Drammen. Der har selskapet mellom anna engasjert ungdom, for å skape meir interesse rundt politikk og samfunnsstyring.

Workshop

Schanke Eikum seier at han ikkje kan skape ei livskraftig Stad kommuen åleine. Han er avhengig av kreativt samarbeid og innspel frå både politikarena og andre.

– Det handlar om å sjå muligheiter og oppdage dei kreative kreftene og idéane som alt ligg der. Korleis bruke potensiale i Eid og Selje til å skape ei livskraftig Stad kommune? Dette var spørsmålet som Schanke Eikum stilte poltikarane i fellesnemnda og partssamnsett utval i møte torsdag i førre veke.