Arve Dahl er forbanna

Fekk ferierande sau på morgonbesøk

– No må folk sjå til å late att leda! Sauebonde Arve Dahl er sint og fortvila.

Det er ein grunn til at det er gjerde mot utmark, men det hjelper lite dersom turgåarar ikkje let att leda. Illustrasjonsfoto.   Foto: Maria Hjelle

Nyhende

I går sleppte Arve Dahl 150 sauer og lam på utmarksbeite i Fossedalen og ved «Tsjernobyl», for at dei skal få beite fritt og "feriere" i utmarka i sommar. I dag tidleg stod ein av sauene hans med tvillinglam på trappa utanfor inngangsdøra heime på Høgebakkane. For sauebonden var det berre å få på seg treningsbuksa og jage dei inn på eit innmarksbeite.

Det er eit gjentakande problem at folk som går på tur ikkje alltid let att grindene, noko som fører til at dyr på utmarksbeite kjem ned på innmark og inn i hagane til folk. Det er særleg i områda ved byggefelta dette skjer, og sauebonde Arve Dahl ber innstendig om at alle leda vert lukka. Har sauene først fått vanen med å ta turen ned att frå fjellbeite, er det vanskeleg å halde dei i utmarka.