Tilrår utbygging av Gjerdane barnehage

Eid treng fleire barnehageplassar

Skal Eid framleis vekse, treng kommunen fleire barnehageplassar. No tilrår kommunesjef Harald Sivertsen at Gjerdane barnehage vert bygd ut med to nye avdelingar for 20 millionar kroner.

Rådmannen tilrår at Gjerdane barnehage vert bygd ut med to nye avdelingar.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes/Illustrasjonsfoto

Nyhende

I saksutgreiinga viser Sivertsen til at Eid kommune ønskjer å vere ein attraktiv plass for familiar som vil flytte til Nordfjord. Då er ledige barnehageplassar ein av faktorane som kan vere utslagsgivande for kor folk vel å busetje seg. Dei siste åra har det blitt fullt i alle barnehagane i løpet av året, og nokre barn har ikkje fått plass.

Ei ny etablering av nye barnehageplassar vil særleg kome desse gruppene til gode: Familiar med barn som flyttar til Eid, flyktningfamiliar og familiar som treng barnehageplassar midt i året.