Viste ekte friidrettsglede

Mange barn møtte opp for å delta på årets Heialeikane ved Hjelle skule. For nokon var dette aller første møte med friidrett.

Mange barn møtte opp for å vere med på årets Heialeikane på Hjelle.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Når ein er med på Heialeikane gir ein alt på bana. 

Tre som koste seg på Heialeikane.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Alle la stor iver og glede i å springe fort på 60-meteren.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Her er det ein som hoppa langt.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Full konsentrasjon når ein skal springe fort.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Stor glede i å springe racerfort under Heialeikane.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Barna fekk prøve seg både på å springe 60-meter, lengde, høgde, og støyte kule.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det vart ein strålande ettermiddag på Heia idrettsanlegg i sommarvarmen. Over 40 barn frå barnehage- og skulealder fekk prøve ut ulike aktivitetar. Her fekk dei prøve seg på å støyte kule, springe 60 meter, hoppe lengde og høgde.

Stor innsats og iver frå alle saman, konstaterer arrangørane i Heia IL. Dei rosar også foreldra som stilte som heiagjeng på sidelinja.

– Vi gler oss allereie til neste år, konstaterer arrangørane.