Ventar på regn før meir kantslått

Kantslått langs vegane i heile Sogn og Fjordane er stoppa grunna brannfare. Arbeidet vil starte opp att så snart vi får regn nok til å senke brannfaren.

  Foto: Statens vegvesen/Illustrasjon

Nyhende

– Det ekstremt tørre vêret har ført til at vi har stoppa all kantslått med tyngre utstyr i fylket. Brannfaren er stor etter langvarig tørke, og vi vil ikkje ta noko risiko i høve dette. Når vegetasjon i vegkantane vert klipt, kan det oppstå gnistar når reiskapen treff steinar, dette kan vere nok til å starte ein brann, seier leiar Tone Anette Espe i Vegseksjon Fjordane.

Grunna den manglande kantslåtten, vil vegetasjonen i vegkanten bli høgre enn normalt. Enkelte stader er den allerede byrja vokse seg høg og kan etterkvart bli sikthindrande. Det er viktig at trafikantane då tek ekstra omsyn og tilpassar farta etter tilhøva. Nokre stader der sikta er kritisk, i kryss og liknande, kan entreprenørane bli kalt ut med lettare utstyr for å rydde på mindre område.

– Rydding av vegkantane vil starte opp att når tilhøva og vêret tillet det. Vi føl med på vêret og vurderer situasjonen fortløpande, seier Espe i Statens vegvesen.