Les bøker i sommar og vinn kule premiar

Sommarles på nett

Eid bibliotek er i sommar med på den nasjonale ordninga sommarles. Der barn kan lese bøker og vinne premiar.

Etterkvart som ein les bøker i sommar kan ein hente premiar på biblioteket. Her er det biblioteksjef Gyri Tolaas (t.v.) og bibliotekkonsulent Marit Husby Heggen som viser fram premiane. 

Nyhende

Sommarferien er lang, og det er ikkje sikkert det blir sol kvar dag. Så kva er vel betre enn å sitje inne med ei god bok ein regnvêrsdag?

Bibliotek over heile landet er i sommar med på ordninga sommarles. Det er første gong Eid bibliotek er med på den nettbaserte versjonen av sommarles. Og no oppfordrar dei alle unge til å melde seg på sommarles via nettsida. Og så lese bøker der ein kan samle poeng. Poenga gjer at ein kan hente premiar på biblioteket.

Samlar poeng

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar leste side.

Sommarles er for barn i 1.-7. klasse og varer frå 1. juni til 31. august.

Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der ein løyser oppgåver knytt til forteljinga.

I tillegg til XP kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

Sommarles er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS.

Sommarles vert i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.

Slik fungerer Sommarles

Ha lånekortet ditt klart!

Lag ein brukarkonto.

Finn, lån og les bøker!

Få XP (erfaringspoeng) og kule trofé ved å:

1. Lese mest mogleg! Registrer alt du les undervegs. Di meir du les, di fleire XP får du!

2. Lese eit nytt kapittel annakvar veke i den superspennande fantasyforteljinga, skriven av Mari Moen Holsve. Få poeng for å løyse oppgåvene knytte til forteljinga.

3. Hente kodeord annakvar veke på biblioteket. Undervegs gjer du deg også fortent til små premiar som kan hentast på biblioteket ditt. Du vil få beskjed når du har nok poeng til å hente premie.