Skodespelardraumen

Utvekslingsstudenten Mattia De Angelis (18) sin store draum er å bli skodespelar.

Mattia De Angelis har planar om å utdanne seg til skodespelar. Her ved statuen av ein av dei mest kjende norske skodespelarane gjennom tidene, Alfred Maurstad, på Nordfjordeid.   Foto: Yngve Tolaas

Årets nyttårsbad var av det ekstra kalde slaget, då det vart gjort i båthamna på Sørøyrane.   Foto: Privat

Mattia De Angelis har bada stort sett kvar dag dei siste vekene, ikkje minst her på stranda i Sagaparken. – Vêret har vore som i Roma, seier han.   Foto: Yngve Tolaas

Under opphaldet på Nordfjordeid har Mattia budd hos familien til Sigridur Einarsdottir. Her på Plassen 17. mai.   Foto: Privat

Her ved Eid vidaregåande skule har Mattia De Angelis vore utvekslingsstudent sidan slutten av september i fjor.   Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

Sidan slutten av september i fjor har italienske Mattia De Angelis vore elev ved Eid vidaregåande skule. Grunnen til at han valde å kome til Norge er den italienske kinosuksessen «Quo Vado», der store delar vart spelt inn i Bergen.

– Då eg såg den fantastiske naturen i filmen, fekk eg lyst til å besøke landet sjølv. Dessutan ville eg lære meg eit nytt språk, og når eg i tillegg fekk vite at nordmenn er gode i engelsk, var det lett å velje å reise til Norge, seier Mattia.

Han har nemleg ein framtidsdraum om å bli skodespelar, og aller helst på den verdsomspennande engelskspråklege marknaden.

– Først vil eg fullføre vidaregåande skule heime i Italia. Deretter vil eg utdanne meg til skodespelar i eit engelskspråkleg land, fortel Mattia.

Skule og kultur

Han har dette skuleåret vore elev ved andre året studiespesialiserande ved Eid vidaregåande skule, med fag som kjemi, fysikk og engelsk.

– Skule i Norge og Italia er heilt forskjellig. Eg tenkjer mykje på det. Her brukar alle elevar pc, og ein har mange pausar mellom timane. I Italia er skuledagen mykje meir komprimert. Eg synest det norske skulesystemet er mykje betre, så viss ein kunne kombinert norsk skule og italiensk kultur, ville det vore heilt perfekt, ler Mattia.

På spørsmål om kva han har sakna mest dette året, kjem svaret kjapt.

– Maten og vêret. Men dei siste vekene har det jo vore veldig fint vêr. Akkurat som Roma!

Nyttårsbad

Mattia kjem frå turistbyen Anzio, fem mil sør for Roma. Her har ein tradisjonen med nyttårsbad, og konkurrerer med nabobyen om å få flest til å hive seg i sjøen 1. januar.

– Mitt nyttårsbad i år var på Nordfjordeid, og det var veldig kaldt, seier Mattia, som i dei siste varme vekene stort sett har bada kvar dag.

– Eg har bada her på Eid og på Refviksanden, fortel Mattia.

Men han har også hatt glede av vinterhalvåret, sjølv om det var heilt andre temperaturar enn han er vand med.

– Eg har jo lært å stå på ski. Eg er ikkje god, men eg er i alle fall ikkje redd lenger. Vi har jo skistader i Italia også, så det kan godt hende at eg får bruk for det eg har lært i framtida.

Vanskeleg språk

Mattia har lært seg ein del norsk og forstår det meste som blir sagt, men vil helst konversere på engelsk.

– Norsk er veldig vanskeleg, men det har stadig gått betre, seier han.

Under opphaldet på Nordfjordeid har han budd hos familien til Sigridur Einarsdottir i Prestemarka.

– Eg har hatt islandsk mor, og dei skal jo til VM i fotball. Det skal ikkje Italia, så då er det ikkje tvil om kva lag eg skal halde med, seier utvekslingsstudenten, som sjølv har drive med friidrett, dans og boksing.

Då han er oppvaksen i ein turistby i eitt av verdas mest besøkte ferieland, kjem han gjerne med anbefalingar om kva ein nordmann bør oppleve i Italia.

– Eg må sjølvsagt seie Roma. Byen er jo eit museum i seg sjølv. Vil du drikke den beste vinen er Toscana området du bør besøke, vil du sjå mote er det Milano og vil du fullstendig endre livsstilen og oppleve det opphavlege og ekte, bør du reise til Napoli, seier Mattia.

Lovprisar ostehøvelen

Sjølv er han ikkje i tvil om kva han skal ta med seg frå Norge.

– Eg vil ta med det beste eg har opplevd på Eid, og det er mykje. Eg vil absolutt ta med ostehøvel, for den er genial. Heile verda bør få ostehøvel, ler Mattia De Angelis.