3,39 millionar til idrettsanlegg

Eid har fått 3, 39 millionar kroner i spelemidlar til åtte idrettsanlegg i kommunen.

Til saman har Eid fått litt over ein halv million kroner til ballbingar i kommunen. Her ballbingen på Alsaker, sett opp av Alsaker grendalag, som fekk 255.000 kroner i spelemidlar til prosjektet. Største tildelinga i Eid er på 1,4 millionar til rulleskibane på Harpefossen.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Det er blitt løyd til saman 61,3 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg i 23 kommunar i Sogn og Fjordane. Summen tildelte midlar er svært ulik frå kommune til kommune i fylket. Der Eid ligg på åttende plass med 3,39 millionar kroner tildelt. Mest pengar har dei fått i Luster med heile 8,25 millionar kroner. På jumboplass ligg Selje med ei tildeling på berre 0,36 millionar, eller 360.000 kroner i spelemidlar.

Gloppen mest i Nordfjord

I Nordfjord er det Gloppen som har fått mest spelemidlar i denne omgang, med 6,73 millionar. Stryn hevdar seg også bra med 3,73 millionar. Vågsøy ligg midt på fylkeslista med 2,22 millionar, medan Bremanger og Hornindal har fått rundt ein million kvar.