Margit Fløde på Stadlandet gjer ein dugnadsinnsats utanom det vanlege. I tretti år har ho vore leiar i Stadlandet ungdomslag, og i 15 år har ho drive ungdomsklubben Blikken No søkjer ho Selje kommune om pengar til oppgradering av den private ungdomsklubben.
– Blikken er eit vanleg bustadhus som blei frakta hit frå Mongstad i 2005. Sjølve huset er nærare 50 år gammalt, og treng sårt til oppgradering, seier Fløde som har eit budsjett på 135.000 kroner for å få huset i brukande stand.