Fjerde strake året på Klenkarberget

Idrettsleikar for alle

For fjerde året på rad vart det arrangert idrettsleikar på Klenkarberget.

Klenkarberget har alle fasilitetar med stor grasbane, klubbhus og eige friidrettsanlegg. Dermed kan ikkje rammene vere betre for idrettsleikar over tre dagar.   Foto: Privat

Nyhende

Idrettsleikane gjekk av stabelen fredag til søndag sist veke, og det er søstrene Linn Kathrin og Aina Sofie Bakke og søskenbarnet deira Silje Breiteig Bakke som står bak arrangementet.

– Bakgrunnen for idrettsleikane er at vi tre tok eit kurs i regi av Norges Friidrettsforbund for fire år sidan. Eitt av krava for å bestå kurset var å lage eit arrangement. Vi syntest det var så vellukka og kjekt at vi berre har fortsett med det i tre år til, fortel Linn Kathrin Bakke.