Folkerøysting om Kinn kommune i Vågsøy

– Vi blir i Stad

Øystein Hessevik er heilt sikker på at Bryggja blir ein del av Stad kommune frå 1. januar 2020.

– Eg ser på dette som ei avgjort sak. Bryggja blir ein del av Stad kommune, slår leiar i Bryggja Utviklingslag, Øystein Hessevik, fast.  Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

Komande måndag blir det halde folkerøysting i Vågsøy, der folk skal røyste over om dei bør gå inn i Kinn kommune eller ikkje.

Dersom det blir eit klart nei i folkerøystinga og kommunestyret deretter vel å skrinlegge Kinn-prosjektet, kan spørsmålet om kva kommune Bryggja skal tilhøyre i framtida dukke opp igjen.