Malakoff Rockfestival 2018

Satsar på variert mat

Malakoff Rockfestival går nye vegar, og inviterer med seg aktørar på matfronten for å kunne servere meir variert mat til årets rockepublikum.

Malakoff Rockfestival inviterer med seg nye aktørar på matfronten til årets festival, og har fått med seg Aske/Minibakeriet, Kraftstasjonen i Måløy og Pizzabakeren frå Stryn/Ørsta med på laget. F.v. festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, Stian Lillestøl, Ann-Kristin Pettersen-Lillestøl, Gunn Guddal, Svein Sundal, Silje Øygard, Øyvind Haugland, Sveinung Mæland Pile, Bente Iren Vonheim, Leon Knapskog og Andreas Foss Iversen.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi veks og vi utviklar oss. Publikum ønskjer variert mat, og det er eit stort arbeid å lage mat for 30.000 publikummarar. Difor har vi no fått med oss Aske og Minibakeriet på Eid, Pizzabakeren frå Stryn og Ørsta og Kraftstasjonen i Måløy, fortel Gunn Guddal i festivalleiinga.

– Å lage mat under festivalen er travel storindustri, stadfestar Svein Sundal, som i fleire år har vore ansvarleg for matserveringa under Malakoff.