Martha fekk Drømmestipendet

I går kveld vart Martha Standal Pavelich tildelt Drømmestipendet 2018 under kulturskulen sitt sommarshow i Operahuset Nordfjord.

Det var ei glad Martha Standal Pavelich som i går kveld kunne ta imot Drømmestipendet frå Lars Steinberg i Norsk tipping.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Det var Lars Steinberg frå Norsk tipping som var til stades i Operahuset for å dele ut stipendet til Martha. Han understreka at det kostar å følgje sine draumar, og det er berre dei med sterkast indre flamme og motivasjon som klarer å nå sine mål.

   – Eg gler meg veldig over å ha fått dette stipendet, og ikkje minst gler eg meg til å realisere minde draumar framover, sa Martha som til hausten er klar for studiar ved Brighton Institute for Contemporay Theatre Training i England, der ho skal utdanne seg innan musikkteater.