Scandic Nordfjord

Klare for feriegjestar med nye rom

Dei har investert fire millionar kroner på nytt teknisk utstyr og å restaurere 54 hotellrom. No ventar Scandic Nordfjord på Nordfjordeid på turistane.

All bonderomantikk er vekke frå Scandic Nordfjord på Nordfjordeid, og nye rom ventar på sommarturistane. Her er det salsansvarleg Pia Vonheim Vedvik som viser fram.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– No er det slutt på all bonderomantikk frå 80-90-talet. Romma er lysna opp, det er nye vegger og tak, og alle møblar og tekstilar er nye. Ingen av romma har lenger teppe på golva. Det og høgare senger gjer jobben lettare for våre stuepiker. På mange rom har vi bytta golv. Det er stor forskjell på alle romma, seier hotelldirektør Tomas Perers og salsansvarleg Pia Vonheim Vedvik.

Nokre rom er heilt klare, andre manglar småting som bilde frå Nordfjord på veggane.