Leiar:

Idrett til alle

Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg bidrar til at vi lokalt får fleire anlegg for å trene og drive fysisk aktivitet – enten i eigen regi eller gjennom idrettslag.
Nyhende

I år har regjeringa løyvd over 53 millionar kroner i spelemidlar til Sogn og Fjordane. Dette er historisk mykje, med meir enn ei dobling frå 2012.

Spelemidlar er fantastisk verkemiddel for å få fleire anlegg med stort brukspotensiale, samt nærmiljøanlegg. Det bidrar til visjonen om fysisk aktivitet til alle. Eid kommune har vore flinke og har siste åra hatt fokus på å få ut spelemidlar som gir viktige verdiar for innbyggjarane.