– Sagastad vil gjere stor forskjell på turismen

– Vi merkar allereie ein auke i turisme, og neste år vil det verte store endringar, seier Tomas Perers og Pia Vonheim Vedvik ved Scandic Nordfjord.

Pia Vonheim Vedvik og Tomas Perers ved Scandic Nordfjord har stor tru på at fleire lokale aktivitetar vil trekke til seg fleire turistar.  Foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Nyhende

Dei meiner Sagastad kjem til å gjere stor forskjell på turismen på Nordfjordeid.

– Sjølv om vi ikkje reknar med å få så mange av cruiseturistane som kjem til å kome til Eid, vil vi få auke i form av tilreisande frå andre kommunar, og lunsjgjestar, spår dei.

– Folk trekk folk, og opning av Sagastad og cruisebåtar vil gi positive ringverknader for andre. Sagastad er positiv for oss, og vi kjem til å merke at Sagastad opnar. For vår del trur vi på meir derifrå enn via cruice, seier dei.

Noko nytt

– Med Sagsstad har vi brått noko nytt å tilby våre gjestar, seier dei. Dei er også glade for planane om satsing på Vestkapp.

– Det blir kjekt å få ein plass vi kan samarbeide med der ute. Når vi har turistar som vil ut dit har vi gjerne sendt med dei påsmurte bagettar, og det er kanskje ikkje like stas å stå og ete det i blåsten, seier Vedvik.

– Det er vanskeleg å bryte mønsteret til turoperatørane. Dei har køyrt sine løyper i mange år, og det er ein lang prosess å få dei til å endre. Men målet må vere å få fleire av dei til å kome utover i fjorden, både til Nordfjordeid og til Vestkapp. Det er på ein måte nok til alle, seier Perers.

Mykje jødar og franskmenn

Av turistane som brukar Scandic Nordfjord mest er det mykje jødar frå Israel, franske grupper og litt tyskarar, fortel Pia.

Men det dryp på hotellet også når det er songarstemne, korpstreff eller symjestemne.

– Alle aktivitetar på Eid gir oss belegg, seier hotelldirektøren.

Når det er Malakoff Rockfestival er begge hotella stapp fulle.

– Og då har vi laaaang venteliste. Det kunne vore mange hotell i bygda den helga. Det er det ikkje tvil om, smiler Vedvik.

Bussgrupper

Hausten er operatid i bygda, og hotellet har store bussgrupper som kjem igjen år etter år, for å oppleve opera.

– I år kjem det store grupper pensjonistforeiningar, og har allereie tre-fire store bussgrupper som har bestilt til operaen, som gjerne legg igjen ein dag ekstra. Eg føler ikkje at det har vore dette før, men det er avhengig av kva opera som blir sett opp, og i år er det ein som folk kjenner, seier ho.