Spanderer grilla lam på dei handlande

Lam på grillen er kanskje litt uvant for folk flest.

GODT MOTTEKE: Eid Sau og Geit stilte laurdag opp i Eid sentrum og serverte grilla lam til dei handlande. Tiltaket fall i god jord hos publikum i det fine sommarvêret. Dette er eit felles opplegg mellom Natura og småfebøndene. Den første laurdagen i juni vert det grilla over heile landet for å promotere lam som grillmat. Publikum sette stor pris på tiltaket og grilla lam gjekk unna.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

POSITIVT OVERRASKA: Stig Magne Aase (t.v.) og Elias Johnsen er glade i grillmat, og grillar gjerne pølser og burgar. Likte lam veldig godt og skal prøve lam meir no.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

SMÅFESJEFEN: Thomas Manseth Bjørhovde har vore leiar i Eid Sau og Geit i vel eitt år, og meiner det er ei viktig for bøndene å få opp forbruket av sau- og lammekjøt. Bjørhovde opplyser vidare at lam eignar seg utmerka til grilling, og det er dessutan rimeleg mat basert på norske ressursar. Det at det er blitt fleire lammeprodusentar er bra for kulturlandskapet, men samtidig har det skapt eit overskot av sau og lam i Norge. Difor er det viktig at publikum får augene opp for denne delikatessa. Difor denne velsmakande dugnaden frå sauebøndene si side.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Grillkokkane: Thomas Manseth Bjørhovde, Ida Elisabeth Lien, Jan Kåre Ravnøy, Jørgen Langeland og Øystein Navelsaker stod for tilberedning og servering av godsakene.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

STERK SATSING: Bjørhovde understrekar at sauenæringa er ein svært viktig del av landbruket både i Eid og Selje, og aldri har det i denne næringa vore satsa så sterkt som dei siste åra.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Leiaren i Eid Sau og Geit, Thomas Manseth Bjørhovde meiner at folk kanskje har tenkt på lam som fårikål og pinnekjøt, men dei vil no vise at dette og er sommarmat.

–Servert med potetsalat og lammekrydder er dette festmat til kvardags. Marinerer ein lammekjøtet med raudvin, får ein ei verkeleg delikatesse. I butikkane får ein no både indre- og ytrefilet klart til å leggjast på grillen, reklamerer han.

Fornøgd med dagen

Bjørhovde seier at han er svært nøgd med grilldagen. Folk likte smaken på det dei blei servert og det var berre vellæte å høyre. 270 porsjonar gjekk ut, om lag 23 kilo lammekjøt.