Må 16 dagar i fengsel

Ein nordfjording i slutten av 20-åra må i fengsel i 16 dagar for å ha kjøpt og oppbevart hasj.
Nyhende

Det var i juli i fjor han skal ha kjøpt omkring 26 gram hasj i Stryn, som han oppbevarte inntil hasjen blei beslagt av politiet.

Sogn og Fjordane tingrett har kome fram til at han også skal betale ei bot på 6.000 kroner - subsidiært 12 dagar  fengsel.