Inviterer til Cars & Coffee

Komande laurdag kan du få med deg flotte veterankøyretøy på Nordfjordeid.

Sæmund Ytrehus (t.v.) og Ottar Øien med veteranbilane sine 17. mai.   Foto: Privat

Nyhende

Då inviterer nemleg Nordfjord Motorhistorisk Klubb til Cars & Coffee på parkeringsplassen mellom Lagerutsalet og Vestitur på Nordfjordeid.

Dette er ei uformell samling for motorinteresserte. Arrangementet er ope for alle som vil stille ut bil, motorsykkel eller andre køyretøy. Samstundes blir feiringa av Nasjonal Motordag markert, og derfor er det ingen krav til køyretøyet sin alder denne gongen.

Nordfjord Motorhistorisk Klubb ynskjer både utstillarar og publikum hjarteleg velkomne og lovar kaffi til alle som kjem innom.