Gamle og nye Nordfjord

Fylling ved Sjøgata

I serien Gamle og nye Nordfjord har vi i dag kome til utfyllinga ved Sjøgata og det som i dag er ein vakker kyrkjepark på Nordfjordeid.

Eid kyrkje 1982: Dammen i fyllinga var også livsfarleg.   Foto: Eige arkiv/Lars Lunde/Sigmund Naustdal

Nyhende

I Fjordabladet 07.08.1982 kan ein lese om utfyllinga ved Sjøgata.

Den opne fyllinga ved nordre del av Sjøgata var ikkje nokon kommunal bossplass. Likevel kom det folk frå heile bygda for å kaste bossekkane sine, silolass eller anna skrot. Til og med gamle bilar og nedrivne hus hadde hamna her. Nabo Eivind Torheim sa til Fjordabladet at det var vi naboane som måtte ta på oss å rydde bort skrotet etter kvart som det kom inntil hagane våre.