Viser mangfald av fotografi gjennom 100 år

– Veldig kjekt. Her er masse forskjellig. Profesjonelt! Fine bilde!

SAMARBEID: Fotograf Kristin Eide tykkjer det er kjekt å kunne vise fram litt av historia til lauget, eit samarbeid som starta for 100 år sidan. – Å støtte kvarandre, lære av kvarandre og dele, det er det viktigaste, poengterer ho.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det seier Natali Rundan og Riad Alaroda, to av dei som hadde teke turen til opninga av fotoutstillinga som er laga i samband med Møre og Romsdal fotografilaug sitt 100-årsjubileum.

Natali liker sjølv å ta bilde av natur, medan Riad har ein forkjærligheit for gamle fotografi. Og på utstillinga i Operahuset som fotograf Kristin Rødven Eide har teke initiativ til, får publikum sjå litt av kvart, både gammalt og nytt, som fotografane i nabofylket har teke. Eide har sjølv med eit bilde, Brudeferd i Nordfjordeid.