Har passa på bøndene

Ho har hatt eitt stort mål i livet; at bøndene skal bli gode! Synnøva Sæbø Åland (62) har jobba bortimot 30 år for Tine i Nordfjord og før det fem år på Gol. Men no er det slutt. Torsdag 31. mai var siste arbeidsdag for den høgt verdsette TINE-rådgjevaren.

DYKTIG RÅDGJEVAR: Bøndene Roy Andre Høynes Bruvoll og Anne Inger Moen gjev Tine-rådgjevar Synnøva Sæbø Åland mykje av æra for at distriktet her i mange år har vore blant dei aller beste i landet når det gjeld mjølkekvalitet. Synnøva har det siste året hatt 97 mjølkebønder i sin portefølje. I Eid er det i dag i om lag 50 mjølkeprodusentar, i Bremanger om lag 10. I tillegg har ho vore rådgjevar for bønder frå Selje, Vågsøy, Åheim og nokre i Stryn. – Eg har lært mykje av bøndene. Det er ikkje berre dei som har lært av meg. Vi har hatt mange gode stunder, seier Tine-rådgjevaren.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Eid utmerker seg med særs god mjølk, til tider den beste i landet. I fjor leverte bøndene i Eid og Bremanger 99,01 % elitemjølk, og har i enkeltår vore heilt oppe i 100 %.

Både leiar i produsentlaget for Eid og Bremanger, Roy Andre Høynes Bruvoll og nestleiar Anne Inger Moen er overtydde om at Synnøva har ein stor del av æra for dei gode resultata gjennom mange år. – Det er ikkje tilfeldig med så god mjølkekvalitet. Det gjer seg ikkje sjølv.