Nordfjord jordskifterett

Ung kompetanse på plass

Førstekonsulent Elise Eide Dvergsdal er siste skot på stamma av tilsette ved Nordfjord jordskifterett. Ho tok over etter Reidun Holmøy og jobbar 20 % for tingretten og 80 % for jordskifteretten.

KJEKK GJENG: – Eg trivst veldig godt. Det er ein kjekk gjeng som er veldig inkluderande, smiler Elise Eide Dvergsdal. Bak frå venstre: Overingeniør Mats Herman Aunevik, overingeniør Ørjan Haugland, førstekonsulent Per Lyder Holme og leiar for jordskifteretten i Nordfjord og jordskiftedommar Eivind Helleland.  Foto: Anna Wuttudal

Dersom Per, Reidun og Ørjan hadde valt å gå samstundes, så var vi i praksis ferdige.

Eivind Helleland
Nyhende

Med tre medarbeidarar som raskt nærma seg pensjonsalder og usikkerheit om ein fekk lov til å rekruttere nye, såg det for eit par år sidan mørkt ut for jordskifteretten i Nordfjord.

– Dersom Per, Reidun og Ørjan hadde valt å gå samstundes, så var vi i praksis ferdige, seier leiaren for Jordskifteretten i Nordfjord, Eivind Helleland.