Sola svir vekk avlinga på Furufjerding

Arne Knut Ohrvik trur tørke og sol har redusert førsteslåtten med 80 prosent på Furufjerding.

På Furufjerding ovanfor Hornindalsvatnet kan førsteslåtten vere redusert med heile 80 prosent. Og enno er det ikkje regn i sikte.  

Nyhende

Sol og tørke den siste månaden har laga vanskar for mange gardbrukarar. På Furufjerding ovanfor Hornindalsvatnet er det ekstra ille. Her kan førsteslåtten vere redusert med 80 prosent. Bonde Arne Knut Ohrvik må sjå på at ein tredjedel av slåttemarka hans er sterkt redusert.

Over natta

–Det var helga etter 17. mai at tørken slo inn mot avlinga nesten over natta. I løpet av berre eit par dagar vart mykje av høyslåtten øydelagt og tørka inn til berre nokre tørre strå, seier Ohrvik som driv mjølkebruk på Furufjering med elleve mjølkekyr, kjøtproduksjon og 70 vinterföra sauer. Garden som ligg i solbakkane 306 meter over havet er særleg utsett når regnet let vente på seg.