– Fjording smakar litt karamellaktig og er mindre søt og kvalmande. Den er friskare og har betre konsistens, forklarer mor Aase. Ho er veldig spent, men har trua og satsar på at draumen til sonen går i oppfylling, at den norske kremlikøren greier seg i konkurransen med dei langt meir innarbeidde frå utlandet. Ho og Øyvind har løyst mange verdsproblem over ein kaffi og Baileys opp gjennom åra, men Aase fortel til Fjordabladet at no har ho kasta to opna flasker av gamlesorten og satsar på sonen sin nye kremlikør.
Ser bra ut
Så langt ser det bra ut. Etter to månadar med godt sal og gledelege tilbakemeldingar frå hotell- og restaurantmarknaden, arrangerte Øyvind Løkling laurdag «Take off»-fest på Hoven, med Nordfjord-artistar som underhaldning, for å feire at hans «Dream of Nordic Cream» er i ferd med å gå i oppfylling.