Halvt stårheimar vil bli lotteridirektør

Stig Starheim frå Førde er son til Ottar Starheim frå Stårheim. Stig er ein av sju søkjarar til stillinga som direktør ved Lotteri- og stiftelsetilsynet i Førde.

Stig Starheim er halvt stårheimar, og einaste søkjar frå Vestlandet til direktørstillinga ved Lotteritilsynet.   Foto: Lotteri- og stiftelsetilsynet

Nyhende

Stig Starheim er i dag økonomisjef i Lotteri- og stiftelsetilsynet i Førde.

Stillinga som direktør er no ledig fordi Atle Hamar, direktør sidan 2000, har permisjon. Hamar er statssekretær for Klima- og miljødepartementet.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har i dag 75 tilsette og har vore etablert i Førde sidan 2001. Stig Starheim er den einaste søkjaren frå Vestlandet. Dei andre seks søkjarane kjem frå Oslo og Moss. Ein søkjar er unntatt offentlegheit.

Stig Starheim var mykje på Stårheim i løpet av oppveksten, og har sterke røter i Nordfjord, også med ei mor frå Måløy.