Stad skipstunnel:

– Rapporten utelét viktige parameter

Kvar segling gjennom Stad skipstunnel kostar samfunnet 26.000 kroner. Likevel forventar fylkesordføraren i Sogn og Fjordane at tunnelen blir bygd som planlagd.

Over tunnelinngangen i Moldefjorden er det foreslått å lage ei ny bru. Vegbrua skal vere tilgjengeleg for folk som vil sjå skipa segle inn og ut av tunnelen.   Foto: Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

Nyhende

– Det er mange vegprosjekt som ikkje blir rekna som samfunnsøkonomisk nyttige, men som det er nyttig å byggje likevel, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane fylkeskommune til Nynorsk pressekontor.

Redusert nytte

Ei ekstern kvalitetssikring slår fast at den forventa nytta av prestisjeprosjektet Stad skipstunnel er redusert med over 1 milliard kroner.