Skriv dikt om kjensler

– Av og til ligg eg vaken om natta med ein god idé. Då er det berre å ta fram mobilen for å skrive.

Dagny Sunde har skrive bok om ufordringar som livet har å by på. – Tekstane er ikkje noko som eg har sjølv har opplevd akkurat slik. Eg hentar inspirasjon både frå meg sjølv og andre, og så er det fiksjon, sjølv om kjenslene i botnen er noko eg sjølvsagt kjenner til, seier ho.  Foto: Inger Træen

Nyhende

Dagny Sunde (19) byrja for alvor å skrive dikt og noveller då ho var elev på vidaregåande. Ho hadde skrive før også, men det var då vendepunktet kom.

– Det var på vidaregåande at eg starta å ta skrivinga litt meir på alvor. Det som eg skreiv før var eg ikkje så godt fornøgd med, seier Dagny Sunde som nyleg har gjeve ut si første bok med dikt og små noveller. Den er på femti sider og inneheld også foto som ho sjølv har teke.