Skredfarekartlegging 2018 i Eid

Ønskjer info om tidlegare skred og hendingar.

  Foto: Kart skredkartlegging

Nyhende

NVE har i samband med nasjonal skredfarekartlegging «skred i bratt terreng» starta kartlegging av Eid kommune no i 2018. Det er spesielt på desse stadene dei vil undersøkje skredfaren nærare: Navelsaker, Melheim, Lindvik, Rognes, Skrede, Skårhaug, Prestemarka, Torvika, Kjølsdalen, Hundeide og Torheim. Utførande for kartlegginga er NGI som var på synfaringar i april 2018. NGI er interessert i personar og tilbakemeldingar som kan gje informasjon om tidlegare skred og hendingar som er av relevans for kartlegginga.

Teknisk drift og plan- og utviklingsavdelinga i Eid kommune ber dei som har kjennskap eller kjenner nokon som har relevant informasjon om dette om å ta kontakt med Eid kommune.

Fristen for innspel er 10. juni.