Politinytt frå Stryn

Nyhende

Politiet melder om mykje folk i Stryn i samband med festival. Ingen alvorlege hendingar natt til søndag, men ein mann i 20-åra vart klokka 05.15 mistenkt for promillekøyring med bil.

Tidlegare same kveld, klokka 20.51, vart det meldt om at patruljen stansa køyretøy ved fotballbana  i Stryn, der bilfører, ein 19 år gammal mann, er mistenkt for å ha køyrt bil i alkoholpåverka tilstand. Han bles til over 2 i promille. Politiet melde at aktuell bil blir tatt med til kontoret, og utlevert til edru sjåfør dagen etter.

Politiet har beslaglagt førarkortet til bilføraren som køyrde inn i ein moped på Langset i Stryn i går. Føraren av mopeden var vaken og bevisst, men opplyste å ha smerter på kroppen. Han vart frakta bort i ambulanse og bilberging henta mopeden og ein bil.

I går i tidsrommet 1720-1930 laurdag gjennomførte UP fartskontroll/laser på rv 15 i Stryn i ei 80 km/t-sone. Det vart gjort eitt beslag av førarkort der vedkomande køyrde 129 km/t og gjeve fire  forenkla førelegg. Høgaste fart blant dei fire var 109 km/t.