Operabygging i Volda

Fire scenearbeidarar frå Opera Nordfjord har lagt grunnlaget når det om ei veke blir operaen Kimen i Volda.

Operaen Kimen skal setjast opp i Propellhallen i Volda, med plass til 428 i salen. – Dugnadsarbeidet har ført med seg fleire utfordringar i høve til det vi er vande med frå Operahuset Nordfjord, seier scenearbeidersjef Truls Songstad som no er godt nøgd med at det heile er på plass. 

Truls Songstad (t.v.) og Per Oos har gjort operadugnad over fylkesgrensa. Med på laget var også Anders Nordbø og Webjørn Moa frå Opera Nordfjord sitt dugnadslag. 

Nyhende

Dei fire scenearbeidarane er Truls Songstad, Anders Nordbø, Per Oos og Webjørn Moa. Dei er alle erfarne scenearbeidarar gjennom fleire år ved Opera Nordfjord. No har dei også tatt steget over fylkesgrensa for å skape operamagi der.

Sidan påske

Dei fire har sidan påske spikra og saga for å få det heile på plass til sceneteppet går opp på premieren fredag 8. juni.

– Det var 14. mai at vi flytte dei ulike modulane over til propellhallen i Volda. Då hadde vi gjort alle detaljane ferdig her på Eid, og så gjenstod montering i Volda. Heile arbeidet blei vi ferdig med måndag denne veka, seier Truls Songstad (70) som til vanleg har hovudansvaret for scenearbeidarane ved Opera Nordfjord. No har han også hatt det sentrale ansvaret for sceneoppsetjinga i Volda.

Ein låve

– Operaen Kimen føregår mykje inne på ein låve og i nærleiken av den. Vi har difor bygt opp ein stor låve som no er blitt raudmåla. Ved sidan av er det også ei bryggje som er sentral i opningsscena, seier Sognstad som sjølv blei med i dugnadsgjengen for Opera Nordfjord for sju år sidan. Dei siste fire åra har han vore sjef for scenearbeidarane.

– Som pensjonist er det kjekt å ha ein slik hobby. Det har vore mykje arbeid undervegs, men det er stas når scena står der ferdig, seier Songstad som er litt lei seg for at han sjølv ikkje får sjå operaen i Volda.

– Eg skal bort på noko anna akkurat desse dagane. Men dei andre tre tek vel turen opp til Volda, seier scenearbeidaren.

Åtte solistar

Operaen Kimen, skriven av den lokale komponisten Magnar Åm, har åtte solistar på scena. Det er Eivind Kandal og Thomas Røshol i hovudroller. Vidare Magne Fremmerlid, Ingeborg Fangel Mo og dei lokale frå Volda; Karen Rosenberg Olsen, Ragnhild Engeset, Louise Engeseth og Karina Holkestad.

Heile seks orkester og kor skal også vere med. Det er Telemark kammerorkester, Ålesund strykekvartett, Indre strøk ungdomsstrykeorkester, Volda vokal, Ørstakoret, Vold og Ørsta korskule og ei lokal ungdomsdansegruppe.

Regissør er Jiri Nagy og scenograf Kristof Asbot, som tidlegare budde på Nordfjordeid. Ovar Holmen frå Opera Nordfjord skal ha ansvar for lyd og lys.