Buss og minibuss front mot front i Stryn

Nyhende

Politiet melde klokka 14.37 i dag at naudetatane var på veg til ei trafikkulykke på fv 60 på Staveneset i Stryn.

Det vert meldt om at det er ein buss og ein 8-seters personbil involvert. Fleire personar skal vere skadde. Det er førebels ukjent omfang. Redningshelikopter og luftambulanse er på veg.

Oppdatering frå politiet klokka 14.57:

Fleire personar er fastklemde.

Brannvesen og ambulanse på staden melder om at minst fem personer er skada, fleire kritisk.

Fleire luftambulansar + redningshelikopter er på veg til staden.

Ny oppdatering frå politiet:

Naudetatene er på staden. Ingen personar er lenger fastklemde. Det er meldt om 15 lettare skadde personar og tre kritisk skadde personar. Vegen er stengt.

Fleire av personane som er involverte er utenlandske.

I tillegg til politi, ambulanse og brannvesen er også tre luftambulansehelikopter og eitt redningshelikopter på veg til staden.

Stryn kommune sitt kriseteam er i ferd med å bli varsla.

Vegen blir stengd i fleire timar

NRK har fått opplyst at ein reknar med at Fv 60 mellom Loen og Stryn blir stengd i fleire timar.

Vegen er heilt stengt og vil bli stengt ei god stund. Omkøyring skjer via E39 og ferjesambandet Anda-Lote.

Ny oppdatering frå politiet kl 16.09

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Ø. Halleraker opplyser at personbilen som er involvert i ulukka hadde seks personar om bord. Tre av dei er kritisk skadd, ein av dei lettare skada og to av dei er mindre skadd.

Bussen hadde 33 personar om bord. Ingen av dei fremstår som skada, men alle vert frakta til legevakt for ein sjekk.

To av dei skadde er frakta vekk med ambulansehelikopter.

Både personane om bord i bussen og i personbilen er utlendingar, førebels av ukjend nasjonalitet.

Bussen køyrde mot Loen, medan personbilen køyrde frå Loen. Dei trefte kvarandre front mot front.

Statens havarikommisjon for transport og Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.


Politiet opplyser på Twitter at passasjerane i ulukkesbussen var asiatiske. Dei fem passasjerane i minibussen vert opplyst å vere belgiske statsborgarar.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på plass. Ulukka skjedde like utanfor tunnelen på Staveneset, på Stryn-sida av tunnelen. Ein er godt i gang med å frakte busspassasjerer mot Stryn.

Ein reknar med at vegen blir stengt i alle fall fram til klokka 18.00.

Det har vore rekvirert Sea King fra Florø, og ein luftambulanse frå både Førde og Ålesund.


Ny oppdatering frå politiet kl.17.07

Det er no kontroll på ulukkesstaden. Ein del redningsmannskap er i ferd med å avslutte, men vegen kjem til å bli stengt ei god stund framover.

Totalt er det seks personer som vert rekna som skada. Alle seks sat i den involverte minibussen. Tre av dei kritisk, ein er lettare skada og to mindre skada.

To av dei skadde er frakta til Haukeland Universitetssjukehus med helikopter og to av dei skadde er frakta til Førde Sjukehus med helikopter. Dei andre skadde er frakta vekk i ambulanse. Køyrt til legevakt og legesenter.

Totalt var det 33 personar i bussen. Desse er også frakta til legevakt, men vert rekna som uskadde.

Alle personane i minibussen er belgiske, medan passasjerene i bussen er koreanske turistar. Sjåføren på bussen er fra Litauen.

Årsaka til ulukka er ikkje klarlagt, men forebelse undersøkingar på staden tyder på at det er minibussen som har kome over i motgåande køyrefelt.

Meldingane frå Helse Førde AMK går ut på at det er fem personar som er kritisk skadde, to er sende til Førde sentralsjukehus og tre til Haukeland.

Klokka  18.23 vart det meldt at vegen er open og at trafikken går som normalt.