27 køyretøy fekk bruksforbod

Ein sjåfør vart meld for uforsvarleg køyring med materialar stikkande ut av sideruta.

Bildet viser transport av materialar der føraren hadde lagt ned seteryggen og støtta seg mot materialane, desse stakk i tillegg om lag 30 cm utanfor sida på bilen gjennom sideruta. Førar vart meld.   Foto: Statens vegvesen

Bildet viser skrift på frontruta som må fjernast før vidare køyring. Foto:   Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Statens vegvesen og politiet avdekka manglar hjå 54 køyretøy i kontroll gjennomført i Stryn i helga.

27 kjøretøy fekk bruksforbod for mellom anna sotfilm på sideruter, gjenstandar i frontrute, ulovleg senking / kapping av fjærer, feil på lys, store oljelekkasjer, feil felgar og utslitne dekk.

Åtte av desse køyretøya vart avregistrerte på grunn av store tekniske manglar.

Eitt køyretøy vart avregistrert på grunn av manglande periodisk kontroll.

Ein sjåfør vart meld for uforsvarleg køyring med materialar stikkande ut av sideruta.

Det vart skrive ut eitt piggdekkgebyr, fem fekk gebyr for ikkje å bruke bilbelte og seks fekk gebyr for å køyre med utslitne dekk.