«Feelgood»-bygda lengst sør i Selje

Flatraket er tredje største bygda i Selje kommune.

ELDSJELER: f.v. Dag Rune Gjengedal, Arve-Martin Husevåg, Pia Gjørsvik Kvernevik, Bodil van den Branden, Stig Ødegård og Judith Kvåle. Alle foto: Per Ole Lefdalsnes  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Bygda har hatt ei god utvikling i folketal det siste tiåret, og har no vel 320 innbyggjarar. Befolkningsstrukturen er god med mange eldre, men og mange barnefamiliar.

Hjørnesteinsbedrifta AS Fiskevegn har sjølvsagt mykje å seie for bygda, og nærleiken til Måløy (15 min.) med mange kompetansearbeidsplassar, gjer at mange med høgare utdanning har etablert seg på Flatraket. Elles er det pendling både til Selje og Nordfjordeid.