Margit og Signe fekk mykje merksemd. Dei hadde TV-team på slep, og vart filma og intervjua om korleis dei opplevde helikoptertur og det å få kome seg ein tur opp att på toppen av fjellet. Alle ville ha bilde av dei to søstrene, og dei stilte villig opp. Til og med piloten sikra seg ein selfie med dei i kabinen. Det er ikkje kvar dag han har slike flotte damer om bord.

Signe og Margit bur på Føllesdal, og dei har Naustdalskamben som sitt nærmiljø. Dei fortel at det i gamle dagar vart spadd torv på myrene her.

Margit er framleis nokså rask på foten, medan Signe, som blir 94 år i august, er litt dårlegare til beins, og må ha krykkjer å stø seg til.

– Signe mødest litt med føtene, men vi er gode i hovudet, ler Margit. Ho var sist på Kamben for fire år sidan. Då var ho saman med ei veninne på bærtur. Ho trur dette blir den siste toppturen.

– Ein kan ikkje planlegge så lenge i vår alder. Vi er veldig takksame, seier dei.

Det var ein nydeleg fin og varm sommardag, og kring 100 personar hadde teke seg ein fjelltur for å få med seg opninga, av dei om lag 40 barn. Barnas Turlag var ein viktig bidragsytar. Dei bar nemleg med seg bøker til bokhyllene i hytta.

Det vanka kake til alle og representantar frå bygdelaga Stårheim og Haugen og Dalen fekk velfortente blomar for god dugnadsinnsats.

Les meir om saka i papiravisa tysdag.

Margit og Signe Skinlo strålte om kapp med sola, og hadde ei fin stund på Naustdalskamben i dag
– Eg hadde ikkje trudd vi skulle kome på Kamben i bunad, ler Signe Skinlo (93), som saman med veslesøstera Margit (92) fekk æra av å knyte opp bandet for å markere at Dagsturhytta på Naustdalskamben er opna.
Mange hadde teke seg ein fjelltur denne supre sommardagen. Her er Olea Brandsæter(2), mor Irene og 8/9 lillebror i front.