– Avkopling i kvardagen

AVKOPLING: To av eidarane på Tua, Vegard Meland og Frank Naustdal ser på HV-øvinga som ei grei avkopling der du gjer noko anna enn det du styrar med til vanleg.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Dette er noko som vi ser fram til kvart år. Det er ei avkopling i kvardagen, og du møter igjen folk. Skal det vere operativt, må vi kjenne kvarandre, seier Vegard Meland (38) som saman med Frank Naustdal (34) er to av eidarane på øvinga. Meland og Haugen er godt fornøgde med dei nye våpena. Det er lettare å skyte korrekt.

– Heimevernet er viktig

– Det er ikkje alltid det passar så godt å møte opp på øving, men heimevernet er viktig. Det handlar om å gjere plikta si og bidra med det ein kan, poengterer Arne Refsnes (39). Han er opphavleg stadsar frå Leikong, no busett på Vatne der han jobbar som lærar. Det kan vere vanskelegare med fri for dei som er i det private næringslivet. Refsnes har teke turen frå Sunnmøre for å vere med på øving på Tua og har vatn og solkrem som viktige hjelpemiddel.