Bakgrunnen var tilsyn hos Brann- og feiarvesenet og der det 7. juni i fjor vart gjeve eit pålegg som omhandla kjemisk helsefare og krav om plan med tiltak for å hindre/redusere kjemisk eksponering. Dersom planen med konkrete tiltak og tidsfristar ikkje er klar innan 1. juli. 2018, vurderer Arbeidstilsynet å krevje inn tvangsmulkt på 2.000 kroner per virkedag.

Har tolka det annleis

Frist for gjennomføring av tiltak for å rette opp forholda på brannstasjonen er i tidlegare pålegg frå Arbeidstilsynet sett til 31.12.2018, og brannsjef Ketil Nord forklarer no i brev til Arbeidstilsynet at dei har tolka dette slik at dei innan den fristen skal ha eit vedtak om kva ein skal gjere for å stette dei bygningsmessige avvika som Arbeidstilsynet har gitt pålegg om å utbetre. Nord viser til vedtak i kommunestyret der det vart løyvd midlar til utgreiing om framtidige kommunale bygg på Nordfjordeid, deriblant beredskapssenter. Det vart laga eit notat der nytt beredskapssenter er eitt av tiltaka.

Vidare har kommunestyret bede Eid Industrihus KF om å gå i dialog med Politiet om moglege samarbeidsmodellar for å realisere samlokalisering av eit beredskapssenter, som skal huse politi, brannstasjon og lokale/lager for Røde Kors og Sivilforsvaret. Denne prosessen er no i gang og det var seinast 15.05.2018 møte med dei nemnde etatar, Eid Industrihus KF og utbyggar for å sjå på moglegheitene for eit slikt beredskapssenter på Eid Næringspark på Stokkenes/Myklebust.